Stikkordarkiv: kvardagsdetaljar

Ingenting

Det er ufatteleg lett
å læra seg å gjera
ingenting,
siga ned i godstolen for
å falla i stavar
over røykjedama på
balkongen over gardsplassen,
få geitestiren på
skiftande skyformasjonar,
kontrollera informasjon om
temperatur og luftfukt på
vêrstasjonen,
stendig sjekka e-postkonto, Fjesboka og
nettaviser,
av og til drøyma seg vekk til
ei stendig fjernare fortid,
til møte, tidsfristar, finurlege formuleringar
som betydde noko der og då,
men som no er heilt
uaktuelle, gløymde og uvesentlege;
finna meining i rutinar
som lagar arbeidsoppgåver
av enkle kvardagsdetaljar.

Etterkvart hopar ingentinghendingane
seg opp, fyller timar, dagar
og veker,
formar ein livshaust
der ein for kvar dag som går,
prisar evna til å
leggja merke til
alt som er ingenting.

Share