Stikkordarkiv: «Langsomt ble landet vårt eget»

Minne frå ei digital museumsfortid

LaserplatespelarFrå hornet på veggen observerer eg at det går ein digitaliseringsvind over musea. Eldre folk i museumslandskapet vil kanskje hugsa at i den yrkesaktive museumsfortida mi, 1972-1993, var eg kjend for å vera ein forkjempar for å ta i bruk EDB, som det heitte den tida, i museumssamanheng. Sjølv om det var lett å koma inn i tankesiloar, der teknologien vart eit mål i seg sjølv, var eg oppteken av at IT skulle vera eit hjelpemiddel, ikkje minst til å halda oversyn over samlingane, som i mange høve var eit kvasistrukturert kaos. Eg var heldig som fekk arbeida i institusjonar med solid økonomi og hadde dermed sjanse til å skaffa utstyr som me meinte hadde meirverdi for det daglege museumsarbeidet.

Ei hending hugsar eg særleg godt, ikkje minst fordi me lét vera å fylgja det digitale sporet. I den hyperaktive tida før OL i 1994 fekk Maihaugen store midlar til å utvida bygningsfasilitetane og til ei utstilling om norsk historie, «Langsomt ble landet vårt eget». I arbeidet kom me i kontakt med mange spennande kompetansemiljø, m.a. representantar for IBM, som var eit leiande internasjonalt IT-selskap den gongen. I utstillinga hadde me ein idé om å presentera generell norsk historie i informasjonsstasjonar, der publikum skulle sitja ned og orientera seg på dataskjermar om utviklingslinjer i norsk historie. Store mengder data skulle lagrast på såkalla optiske plater, basert på laserplateteknologi, som var det store og nye på den tida, sjå foto. Samen med nokre andre hadde eg i 1988 besøkt eit utviklingsmiljø i Boston, USA, der professor Ching-chih Chen hadde nytta slike plater til å lagra store mengder data og foto frå dei omfattande funna etter keisar Quins regjeringstid (221-206 f. Kr.) i Kina.

IBM-folka tykte vårt prosjekt var spennande, og det vart laga eit opplegg, der IBM skulle gå inn med monalege midlar, m.a. med utstyr som var basert på laserplateteknologi. Etter ei tid fekk me likevel melding om at IBMs europakontor i Paris hadde avslått prosjektet. Sjølv om utstillingsprosjektet hadde relativt rause økonomiske rammer, bestemte me oss for å droppa dei digitale informasjonsstasjonane. Me løyste informasjonsbehovet med gammaldagse informasjonsplansjar på papir. Nokre år seinare kunne me prisa oss lukkelege over avgjerda vår: den relativt kostbare laserplateteknologien viste seg å vera eit forstadium til det som skulle verta ein viktig masselagringsteknologi, nemleg CD-ROM- og DVD-platene. Stundom er det lurt å venta til teknologi-utviklinga har sett seg i eit spor som kjem til å vara.

Share