Passeleg, nett måta, lagom
– ord for det vanlege,
det som ikkje er
ofseleg, overdrive eller
storarta,
ord for det som
lunkar i veg,
knapt til å
leggja merke til,
det som berre er der,
i grunnen
er passeleg
heilt perfekt.
Stikkordarkiv: passeleg
Passelege porsjonar
Legg igjen en kommentar
Livet er i grunnen greitt
i passelege porsjonar,
lærte tidleg at ovbruk
ikkje er å trakta etter,
den grådige får aldri
nok,
den nøysame finn glede
i det vesle grøne
grasstrået som har
gøymt seg inne i ein
lun krok,
trassar vêr og vind og
veit at neste vår
kjem det fram att,
lenge før dei brikjande plantene
på fri mark breier seg
i all sin velde.