Stikkordarkiv: bjørkelauv

Det er so lett

Det er so lett å vera oppteken
av alt ein ikkje
er god til lenger,
springa fort oppoverbakke,
lyfta tungt,
svinga seg lenge
og stødig i rudlen,
høyra grashoppelyden
i sommarkvelden

medan eg trekkjer pusten
i motbakken,
kan eg sjå bjørkelauvet blafra
og høyra fuglesongen
fylla stilla,
ein roleg dag
får ekstra liv
når barnebarnet ringjer
og spør
korleis eg har det,
slike gonger er det so lett
å verta glad.

Share

Gulnande bjørkelauv i august

På bjørka lyser eit gulnande lauv
tidleg i august,
førebels er det åleine på treet,
noko for seg sjølv,
rundt det struttar dei grøne,
friske lauva,
dei blafrar lette og ledige
i ein svak seinsommarbris,
åleinelauvet strevar med å
halda seg fast på greina,
kjenner korleis festet
losnar,
veit med seg sjølv at
om ikkje lenge
vil eit vindpust føra det av garde
gjennom treet
ned på grasbakken,
veit at når tida er inne,
vil alle dei frodige grønlauva
finna gulfargen og
slå fylgje ned på grasbakken,
det er berre eit spørsmål
om tid,
alltid eit spørsmål
om tid.

Share