Stikkordarkiv: utanfor

Unnasolt

Me er i dei dagane
då mange stader
er unnasolte,
sola held seg unna,
når ikkje fram,
ho berre viser seg
som skin over synsranda,
som gylne strålar
på andre sida av dalen
eller fjorden,
der folk bur på
solsida,
å bu unnasolt
er å vera utanfor,
ein tel og reknar dagar
til sola kjem att,
til ein på nytt
kan nyta godt av
same solstrålane
som andre har
heile året,
utan å vita det
skaper sola utanforskap,
på den andre sida:
sola kan ikkje ta ansvar
for kvar folk
slår seg ned,
kanskje bør det lagast
ein plan
for å motverka
at nokon bur
i unnasolt utanforskap.

Ei villfaren fluge vil inn

Utan varsel står ho der,
ei villfaren fluge
på utsida av vindauga,
ho vil inn,
ser nok ei blank opning
og anar det er varmare
innanfor.

Minner meg om stunder
då eg opna vindauga
for å sleppa ei fluge ut
i fri luft og til
fridomen.

Ikkje alltid lett å vita
når innanfor eller
utanfor gjev
den beste fridomen.
Om fluga veit,
held ho det for
seg sjølv.