Brøytestikker

Vegen har fått brøytestikker
på begge sider,
dei står der som
oppmarsjerte soldatar,
ventar på at brøytebilen skal stryka seg
innåt,
kjenna spruten av snjo og væte
piska mot
dei slanke stikkekroppane,
høyra ylande vindkast
skjera seg inn i
eit ullandskap
av snjo
medan dei ser at
trafikken kjem seg fram
på trygt vis.

Eg hugsar ikkje når
eg sist sette opp
nye brøytestikker
på min veg.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.