Må brukast til noko

Det var ein gong ein fjelltopp. Han raga høgt der oppe mot himmelen, godt synleg for folkemengda som pusla rundt med sitt der nede i dalbotnen. Somme sprekingar tok seg opp på fjelltoppen på eiga hand, på gamlemåten; dei gjekk på føtene. Vel framme fekk dei eit strålande utsyn over eit storslått landskap. Dei fekk òg fugleperspektiv på maurtua der nede, der folk hadde klumpa seg saman og levde kvardagsliva sine, slik maurfolk har for vane å gjera. I tillegg til nokre få sprekingar av og til, held fjellet seg med alt det som elles er i naturen: fuglar, villdyr, reinsdyr og sauer. Dei sistnemnde frekventerer fjellområdet nokre månader på sommaren. Området er med andre ord prega av rein natur, slik som berre er der utan eigentleg å gjera nokon nytte for seg. Det er det som er so irriterande kjedeleg med naturen, han berre er der. I tillegg kan naturen vera vanskeleg tilgjengeleg.

Somme vil retta på den kjedelege naturtilstanden og har kome i tankar om at naturen må brukast til noko for oss menneske. Det er me som veit best kva naturen treng. Folk tenkjer, naturen berre er. I alle fall veit me kva som skal til for at ikkje naturen skal vera so irriterande kjedeleg. Difor har nokre kvikke hovud kome på at denne naturlege fjelltoppen må kunna gjerast tilgjengeleg for alle, uavhengig av kjønn, alder, religiøs overtyding, politiske blindsoner og musikalsk smak. Dei har sett i den store verda at ein kan hengja ein gondolbane oppetter fjellsida og på den måten frakta alle som vil, opp på fjellet. So kan ein byggja serverings- og skjenkjestad der oppe. Då kan ein få litt bykjensle som kan balansera den kjedelege naturkjensla. Rett nok vil gondolanlegget vera godt synleg og gjera innhogg i naturen. Mange meiner det er eit overgrep mot naturen og kjenner seg sorgfulle. Gondolistane på si side meiner at det er so mange andre skog- og fjellstrekkjer som dei kan sjå på, dei som trur og meiner at urørd natur har ein verdi i seg sjølv. Dei treng ikkje sjå nett på den staden der gondolbanen heng og dinglar. Dei gløymer dessutan ein vesentleg ting: naturen har aldri større verdi enn når me menneske får bestemma. Det har me synt so lenge me har kravla rundt på jorda.

Fjelltoppen ligg der oppe for seg sjølv, uvitande om alt styret han har skapt mellom dei som likar naturen som han er, og dei som meiner at naturen må brukast til noko for å ha verdi for folk. Dei kivest med ord og bilete. På begge sider må dei snart ta fram stigar for å kunna sjå over skyttargravkantane. I mellomtida kan fuglane enno slå seg ned på den fredelege fjelltoppen og undra seg over folke-maurtua nede i dalbotnen.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.