Stikkordarkiv: fjernsyn

Bak fram

I gamle dagar, på den tida då eg kunne lesa i avisene at fjernsynet var på veg inn i kvardagslivet til dei som hadde råd til det, forstod eg det slik at berre viktige, kloke og flinke folk fekk sleppa til i denne fjersynsruta. Nokre tiår seinare, då eg i vaksen alder kom i nærkontakt med mediet, var eg ikkje fullt så overtydd om at ein plass i fjernsynsruta var identisk med visdom, kunnskap og klokskap. No har eg kome til at vilkåret for å få koma til i fjernsynet er at kunnskap og visdom bør vera fråverande. Berre høyr på dette: eit alvorleg og taleført eksemplar av manneætta fortalte og demonstrerte i praksis korleis bokhyller tek seg mykje betre ut når bokryggane vert snudde inn i hylla. På den måten vil bok-opningane lysa i mot deg, alle nesten like og heilt anonyme. Kanskje vil du leggja merke til dei bøkene som du har opna ofte, fordi dei vil vera litt meir breispora enn dei bøkene som står der ulesne, samanknepte og smalspora.

Folk som kjem på slike formastelege idear, må ha eit overutvikla ynske om å verta lagde merke til fordi dei er stuttenkte. Dei kan aldri ha forstått at med bokryggen visande inn i rommet kan me som likar bøkene på grunn av innhaldet, raskt finna ut kven som har skrive boka og kva ho heiter. Me kan setja opp bøkene i alfabetisk rekkefylgje etter etternamnet på forfattar, ja, til og med etter førenamnet, om me vil vera litt sære. Ei heil yrkesgruppe, bibliotekarane, er avhengige av å kunna identifisera bøker rask og effektivt for å kunna hjelpa oss som stendig er på leit etter nye, spennande bøker. Det er ikkje lett når bokryggane står inn i bokhylla. Slik plassering er å senda bøkene inn i absolutt anonymitet. Det er å plassera bøkene bak fram.

Eller, stopp no litt! Kanskje er det slik at å plassera bøker med bokryggen visande inn i rommet er å setja bøkene bak fram? Til vanleg reknar me vel det slik at ryggen er baksida, medan opningar ofte er plasserte på framsida. Slik sett er bokryggen å rekna som ei baksida. Det kan difor henda at nokre få individ har fått ei form for høgare innsikt og «sett» at me i alle år har sett bøkene bak fram i bokhylla. No vil dei ha slutt på at bøker lever tilværet sitt bak fram i bokhyller. Til vanleg er eg positiv når nokon viser meg nyvinnande kunnskap. Denne gongen er eg likevel heilt sikker på at me og bøkene har eit mykje betre og rikare samliv når bøkene står bak fram i bokhylla. Det finst ting i livet som skal levast bak fram.

Share

Vippa

Du trur kanskje at eg har fått solstikk eller liknande. Men nei, eg tenkjer på ei innretning som me vaks opp med på 1950-talet mange stader i landet. Eg tenkjer på vippa som slo av straumen når me brukte fleire kilowatt enn det me hadde lov til å bruka i huset. Då var det å sjå over kva elektriske innretningar som stod på og so slå av dei som ikkje var heilt nødvendige der og då. Sjølvsagt kunne det vera irriterande når straumen gjekk midt i Barnetimen på laurdagane, og me gjekk glipp av ein del av høyrespelet. På den andre sida fungerte vippa som eit instrument for å planleggja korleis ein i familien skulle bruka straumen på best mogeleg måte.

Eigenleg kunne eg tenkja meg å få attende ei form for vippe-innretning. Ikkje for å regulera straumforbruk, sjølv om det kanskje kunne ha vore på sin plass når me ser korleis me sløser med energi. Nei, eg har ein mykje meir original og banebrytande idé. Tenk om me kunne utstyra fjernsynskanalane med ei vippe som stoppa sendingane når det vert vist for mykje underhaldningsprogram, t.d. alle desse tanketomme konkurranseprogramma der nokon skal stemmast ut gjennomm ei form for telefonbaserte folkedomstolar. Då kunnne me kanskje styra unna den framtidsvisjonen som mediekritikaren Neil Postman (1931-2003) skildra i boka «Vi morer oss til døde» i 1984 (på norsk i 1987). Tittelen på boka er kanskje i ferd med å verta ein røyndom, og me ser ut til å trivast svært godt med det. Og kanskje kan me sjå dei første resultata av at me veltar oss i underhaldning i alle tenkjelege former. Nyleg kunne me lesa at IQ-nivået til menn har gått drastisk ned dei seinaste åra. Det skulle ikkje forundra meg om dei fordummande underhaldningsprogramma kan vera medverkande årsak til at me menn vert meir og meir dumskallar. Eller, i alle fall kan eg ha det som ein arbeidshypotese.

(Det stod ingen ting om IQ-nivået til kvinner, uvisst av kva grunn. Då er det heller ikkje grunnlag for å kommentera det.)

Eg er rimeleg sikker på at det finst digital teknologi både i Kina og i Nord-Korea som kan brukast til ei vippe-innretning som stoppar for mykje underhaldningsprogram i fjernsynskanalane. Det er nok berre spørsmål om politisk mot. Men, når eg tenkjer meg om – og det hender eg gjer det – kjem det for meg at ei statleg styrd vippeordning kanskje ikkje er so klokt, trass alt. Sjølv har eg ei innebygd vippe som er slik laga at eg lèt vera å slå på slike program. Då treng eg ikkje slå dei av heller. Det må vera ein sokalla vinn – vinn-situasjon. I alle fall slepp eg å «more meg til døde».

Share