Når tida er inne for
dekkskift og vaksine,
veit ein at
det har gått eitt år
sidan sist,
det gjeld å bu seg
på hålke og virus
og hanka seg gjennom
ei vinterframtid,
gleda seg over
all årsvariasjonen
me kan oppleva her nord
i steinrøysa,
der me til oss sjølve og omverda
deklamerer
«dekkskift og vaksine»
i tretakt.
Stikkordarkiv: hålke
Kyndelsmessedropar
Legg igjen en kommentar
Det draup frå taka
i Storgata i dag,
på kyndelsmessedagen,
der eg stiltra meg fram
på hålka;
mange veker med mildvêr
i vente,
sa dei gamle;
tida vil visa,
tenkjer eg,
der eg fangar
lyden og rytmen av
livgjevande vatn i
kyndelsmessedropar.