Stikkordarkiv: langsam

Skumringstimar om hausten

Når uteljoset slår seg på
ved 17-tida,
då veit du at hausten
har festa grepet,
skumringstimen breier seg
over folk og landskap,
sveiper seg rundt
kropp og sjel

utanfor husveggen
klamrar fargerike lauv seg
til greinene,
veit at neste vindflage
kan løysa dei frå treet,
senda dei i
fritt fall
mot jorda,
om litt kjem ei kald
snjokåpe,
ho gøymer alt,
lagar ei forteljing
om det reine,
det skire og ubrukte,

tanken på komande vinter
får ein til å
stilla seg framfor
den brennande omnen,
kjenna på varmen som
masserer ryggen,
skaper ei kjensle
av at skumringstimar
om hausten
tek ekstra godt
vare på det
langsame og tankefulle
i kvardagane.