På eit vis er det lett
om hausten
å kjenna seg i slekt
med ei bleiknande sol,
strålar og varme minkar
i kraft,
er likevel livgjevande,
får nokon til å retta opp
ryggen,
mysa mot livet,
og ikkje minst
minnast den gongen varme og energi
strøymde i overflod.
Bleik sol
er framleis sol.