Melankolsk glede

Kva gjer du når du er skikkeleg glad? Hoppar du og dansar du, eller strålar du for all verda og viser at gleda boblar i deg? I so fall høyrer du til eit gåtefullt folkeslag,  som eg nok ikkje kan verta medlem av. Somme gonger kunne ein ha ynskt at ein hadde evne til å delta i vilkårslause og spontane gledesytringar, men det vil seg aldri. Den observerande utkantsposisjonen kjennest meir naturleg. Eg trur nok at den indre gleda kan kjennast like sterk og overveldande, men å la denne gleda gje seg uttrykk med hopp og sprett og tjo og hei, er like framandt som å reisa til månen.

Eg høyrer nok til det folkeslaget som opplever ei form for melankolsk, ettertenksam glede, litt mollstemt, godt blanda med tankar som startar med «men…» Den melankolske gleda kan kanskje seiast å vera glede med atterhald. Det kan nok hengja saman med at me vart oppdregne til å leva livet omtrent på midten av ein akse der ytterpunkta er den ukontrollerte gleda på den eine sida og den djupe depresjonen på den andre. For mykje eller for lite skal ein halda seg unna.

Melankolsk glede kan vera ei einsam oppleving. Ein gong opplevde eg ei form for kollektiv, melankolsk glede. Det var ei sommarnatt i 1975, midt i dei finske skogane, i Ellivuori. Me var samla til eit nordisk forskarkurs for etnologar og folkloristar. Ut i den ljose sommarnatta sette dei mange finske deltakarane i gang med å syngja mollstemte finske songar. Til og med dei mest reserverte av finnane gav seg med i songen. Me andre forstod ikkje teksten, men me fatta den inderlege, mollstemte gleda det gav dei finske kollegaene våre å syngja. Eg var på ingen måte deltakar, men ein observatør som forstod.

Elles er den melankolske gleda noko ein dyrkar åleine, kanskje av og til i lag med nokon annan som er på same bylgjelengde, men dei veks ikkje på tre. Eller for å vera meir presis: dei ber ikkje gleda utanpå seg. Den melankolske gleda slår ofte inn når eit større oppdrag eller prosjekt er gjennomført. Då konstaterer ein kort og godt at no er det gjort og avslutta. Vemodet over at det over, slår inn over ein, medan ei varsam glede siv ut i kroppen med bod om at det gjekk bra, trass alt. Gleda er blanda med retrospektiv risikoanalyse over alle dei punkta i prosessen der ting kunne ha gått dårleg, eller det heile kunne ha havarert. So kan ein fortelja seg sjølv at ein var heldig denne gongen også; men det er ikkje sikkert det skjer neste gong, dersom det vert nokon neste gong.

Vil ein retteleg forsterka stunder med melankolsk glede, kan ein skaffa seg litt tung, italiensk raudvin og setja seg i godstolen. Medan ein driv retrospektiv risikoanalyse kan ein lytta til musikk, t.d. med Eva Cassidy, Stein Torleif Bjella, bruremarsjar i moll frå Gudbrandsdalen eller musikk av Jean Sibelius. Då kan ein kjenna den melankolske gleda sildra gjennom systemet, seint og ettertenksamt. Det er trass alt ei glede; det er berre uttrykksforma som skil seg litt ut. Og glede kan det vel ikkje verta for mykje av, same kva form ho tek; eller…?

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.