Eg sit heilt i ro

Eg sit heilt i ro
i ein stol som
er altfor god
å sitja i;
kjenner korleis den kvelande
gjerandsløysa sildrar gjennom
marg og bein.
Armbandsuret kveser litt,
spør om eg ikkje bør gå
på tur,
fornuften kviskrar: ja,
men fingeren trykkjer på
«ikkje nett no».
Bestemmer meg for å
gå ut
neste gong armbandsuret
kveser,
straks etter får eg ei ny
armbandsurmelding:
«no er du flink».
Storarta med slike robotmeldingar
som prøver å få skikk
på livet ditt.

Men når eg skriv dette,
sit eg heilt i ro.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.