Golvet fullt av
kartongar,
dei fyllest med
brotstykke av eit
liv,
små og store minne
om det som var,
det som var gløymt,
til augneblinken no,
når dei på nytt gjestar
tankane,
skaper skoddeskuggar,
ljos-silhuettar,
smak av glede,
lukt av levd liv.
På golvet står eit liv
i kartongar.