Den jamne tida

Timane grip kvarandre
i halen,
snirklar seg framover
i jamne rørsler,
– eller går timane
i ring?
Kan aldri bestemma meg
om den jamne tida
går i ring
eller sneglar seg
framover,
trøystar meg berre med
at so lenge
den eine timen
grip den andre,
står det rimeleg bra
til.

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.