Stikkordarkiv: kaos

Utfordrande situasjon

Eg har ei veksande utfordring,
å forstå kva dei snakkar om
alle dei som dag ut og dag inn
fortel oss at me har
utfordringar,
ikkje nok med det,
me har utfordrande situasjonar.

Med fløyelsmjuk språkbruk
har me gøymt problem og vanskar i
ein ørken av utfordringar,
ja, til og med helsikens kaos
hamnar der.
Det er slutt på at problem skal
løysast, ordnast, fiksast, stoppast,
no skal utfordringar adresserast.

Slik surrar me rundt
i ein evig skoddeprat,
som problemredde strutsar
stikk me hovuda i
utfordringssanden.

Share

Skyer

Mot den blå himmelbakgrunnen
leikar luftstraumane seg
med skydottar
som fyk forvirra
ikring,
formar stundom finurlege
figurar,
andre gonger berre
eit gråkvitt
kaos

innimellom blandar
fuglar seg inn i synsfeltet,
som luftherrar seglar dei rundt
på luftstraumane,
leikande, med full
kontroll

nesten umerkande og utan varsel
vert himmelbakgrunnen
heilt blå,
berre blå,
ingen skyer,
ingen figurar,
inkje kaos,
berre ein og annan
fuglen

får vona
det kjem nye skyer
i morgon.

Share