Haustfargar

Lauvtrea har eit balansert
syn på fargebruk,
nøyer seg med grønfargar
vår og sommar,
for so å springa ut
i ein kaskade av
bjarte fargar om hausten,
lauvtrea sender ei
siste helsing før
dei kler seg nakne
og ventar på at
kulde og snjo
omfamnar dei,
skulle gjerne ha vore
meir lik eit lauvtre
om hausten,
men gråfargen får vera
god nok,
når me pyntar med ei refleksbrikke og to,
er me synlege.

Share