Sommar i september

Skrotten lèt seg villig overraska av
varme solstrålar,
tenkjer med sjølve seg
at september kan vera
på lag med sommaren,
triveleg her og no,
triveleg i morgon med,
medan tvilen i bakhovudet
krøllar seg saman,
murrar ein suggererande
bodskap:
sommar i september kan vel berre
vera godt,
eller i alle fall
kanskje…

Share

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.