Det fylgjer med alderen
at vemodet stryk
over kjensleryggen,
finn med varlege fingrar
fram til minnepunkta,
smiler svakt og
kviskrar med fast røyst
at vemod kan berre den oppleva
som har kjent livet brusa og
skapt stunder
med sitrande minne.
Vemod
Legg igjen en kommentar